Helldal småbåthamn og strandsone
Varsel om oppstart- Helldal småbåthamn og strandsone
I medhald av plan og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla oppstart av privat reguleringsplan forngnr 87, bnr 5 m.fl. Forslagsstillarar og grunneigarar er Arve Mjøs, Aksel Mjøs, Kari Mjøs. Utførande plankonsulent er Arkitektgruppen CUBUS AS.
Planområdet er regulert til føremål kombinerte bygg og anlegg (BKB2) og LNF i Osterøy kommune sin kommunedelplan for sjø og strandsone. Føresegnene opnar opp for at det i området for BKB2 skal:
« etablerast småbåthamn, felles lagringsbodar og felles tilflotsbrygger, naust, mindre skjerming for bølger og friområde. Føremålet er å sikre fleire småbåtplasser, badeområde og tilkomst til sjø. God landskapstilpassing og felleskapssløysingar skal ha eit særskild fokus. Detaljer skal avklarast i reguleringsplan (PBL § 11-9, nr. 5 og 6).»
Delar av planområdet har vore varsla tidlegare i oppstart av i 2019 i reguleringsplan Hoshovdstølen bustad og strandsoneplan. Planen vart lagt ut til 1.gongshøyring sommaren 2021 og la opp til eit nytt bustadområde, hamn med småbåtanlegg, strandsti og ny gangsamband til Hosanger over Åsen. Grunna m.a. tidkrevjande prosess og uavklarte problemstillingar knytt til gangvegen over Åsen har tiltakshavarane – etter tilråding frå Osterøy kommune – vedteke at strandsona/hamneområdet skal takast ut av reguleringsplanen for Hoshovdstølen, og at dette området vert regulert i ein eigen plan. Dette er ynskjeleg både av omsyn til pågåande hytteutbygging på Helldal og for å sikre ålmenta betra tilgjenge til sjø og strandsone i tråd med Osterøy kommune sin kommunedelplan for sjø og strandsone.
Det er same tiltakshavarar i reguleringsplanen for Hoshovdstølen bustad og strandsoneplan, som i denne planen som no vært gjennomført som ein eigen plan.
Planområdet
Planområdet har ein storleik på ca. 74 daa og ligg nordvest for Hosanger sentrum. Planområdet omfattar areal både på land og i sjø. Helldalsholmen er inkludert i planområdet.
Intensjonane med planarbeidet
Motivasjonen for å setja i gang med regulering av hamneområdet og strandsona er behovet for å sikre ålmenn og universell tilkomst til strandsona, fellesnaust for lagring og handsaming av utstyr, kai m.a.kajakkar o.l., og behov for nye eller omplasserte båtplassar. Det vert lagt opp til at Helldalsholmen sikrast som naturområde med vurdering om fuglelivet på holmen skal sikrast gjennom omsynssone.
Oppsummering av føremål med planen
– Småbåthamn med omlag 60 båtplassar
– 2-3 fellesnaust for oppbevaring av reiskap knytt til sjøbruk (kajakk, segling, fiske osb.)
– Ein mindre parkeringsplass som er tenleg for vitjande og dei som har naust i strandsona
– Universell tilgjenge til ny kai og strandsone/badeplass
– Ålment tilgjengeleg badeområde
Medverknad og nærare informasjon
For nærare informasjon om planarbeidet kontakt:
Arkitektgruppen CUBUS, v/ Hanne K. Vie, tlf. 488 61 570, epost: hanne@arkcubus.no
Merknadar:
Merknadar som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast til:
Eller sendast på e-post til hanne@arkcubus.no
Frist for merknadar er sett til den 31.08.2022