Oppstart av reguleringsplan for Hoshovdstølen bustad og strandsone

Oppstart av reguleringsplan for bolig, frilufts -og havneområde på Osterøy

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-3 og § 12-8 vert det varsla oppstart av privat planarbeid for utarbeiding av detaljregulering for Hoshovdstølen bustad og strandsone, grn 87, brn 3 m.fl Hosanger- Osterøy kommune

Planen omfattar eit areal på ca. 180 daa på Hoshovdstølen, Hosanger. Formålet er å regulere 30- 40 frittliggande og konsentrerte småhus, hamneområde med fellesnaust, småbåthamn, strandsti i friluftsområdet langs sjøen og gangsti over Åsen til Hosanger.

Bustadområdet har vore sett at til bustader i kommuneplanen i lengre tid. Delar av området har vore varsla oppstart av i 2011. Grunna m.a  avventing av naudsynte avklaringar i kommunedelplan for sjø og strandsone, og vurderingar av korleis gangsambandet Hoshovde/Hosanger skulle løysast, stoppa planarbeidet opp.  På bakgrunn av samrøystes vedtak i Osterøy heradstyre 19.06.2019 vert planarbeidet no teke opp att.

Området på Hoshovdstølen/ Heldal er eit viktig satsingsområde for den framtidige utviklinga av Hosangerbygda. Koplinga mellom det nye utviklingsområdet på Hoshovdstølen/Heldal og sentrumsområdet i Hosanger er sentralt i arbeidet. Hovudintensjonen er å skape eit nytt bustad, hamne og friluftsområde som stør opp under bygdesenteret og det lokale næringslivet i Hosanger.

Viktige tema i planarbeidet er mellom anna trafikktryggleik, landskap og terrengtilpassing, og god tilkomst for allmenta til sjøområda.

Tiltakshavar er Aksel Mjøs, Kari Mjøs og Arve Mjøs. Plankonsulent er Arkitektgruppen CUBUS AS

Naboar, grunneigarar og styresmakter vert varsla direkte med brev. I brevet er det nærare informasjon om opplegg for medverknad o.a.

Merknadar eller opplysningar som bør leggjast til grunn for planarbeidet, sendast innan 13.09.2019 til:

Arkitektgruppen CUBUS AS,

Pb 294 Sentrum,

5804 Bergen

e-post: hanne@arkcubus.no

Alle mottekne dokument følgjer planforslaget når det vert oversendt til kommunen for handsaming og vedtak.

For nærmare informasjon om planarbeidet kontakt Arkitektgruppen CUBUS, v/ Hanne K. Vie

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å få oppdateringer om hva vi holder på med og nytt fra våre prosjekter.

| Arkitektgruppen CUBUS AS © 2019 | Nettsted levert av KODEKS